Vasskjelde

Brattvåg Vassverk SA har ei verdifull vasskjelde i Hestevatnet som ligg mellom Synnalandsdalen og Hestesida. Det har ein normal vasstand (NVS) på 231 m.o.h. Areal ved NVS (kjeldeoverflate) 0,53 km2.

Hestevatnet

Kapasitet på kjelda ved normal vasstand 3.942.000 kub.m/år I tillegg kjem Lille Hestevatn, 1.576.800 kub./år. Total vasskapasitet er 5.518.800 kub.m/år. Årleg vassuttak omlag 1.500.000 kubm/år.

Nedføringsledning Består av en 280 mm PVC rørledning som går i ein 150 meter lang tunell og videre i grøft ned til "silhuset" som fungerer som trykkreduksjon. Paralellt med den eit 250mm borehull.

Frå "silhuset" går nedføringa til behandlingsanlegget og videre til 2 stk. høgdebasseng. Eit på 2000 m3 og eit på 750 m3. Desse bassenga sørger for utjamning av forbruket over døgnet, samt brannvatn og tryggleiksvolum.

Leidningnettet består av plastleidningar (PVC eller PE), duktil støypejern og ein rest asbestsementrøyr som det er utskiftingsplanar for.

Behandlingsanlegget forsyner Nordøyane i Ålesund kommune det som var deler av gamle Haram og heile Sandøy Kommune og ein forsyner også område Alvestad-Skjelten.